lørdag 16. mai 2009

Mari Slaattelid hos Trond Giske 30.04.

Me som har aksjonert for NG er ikkje profesjonelle aksjonistar, og dersom ein er alminneleg sjenert, er det ikkje noko ein lengtar etter, å stanse travle menneske på fortauet.
Det spesielle med denne aksjonen var at me vart møtt med takksemd frå folk me stansa for å be om underskrift. Og parisekretæren din, som god oslomann, skreiv umiddelbart under oppropet, sjølv om han angra seg i media. Folk var glade for å bli spurde og godt informerte frå avisene. Bortimot alle skreiv under på oppropet, og det som framfor alt opprørte folk,var planen om å fråflytte Nasjonalgalleriet.
Den spontane støtta gjorde inntrykk. Det viser seg at dei aller fleste, ein eller annan gong,har besøkt Nasjonalgalleriet og kjenner ein slags eigedomsrett til det. Folk frå Oslo, frå Hardanger, Trysil, Alta; om dei er middels interesserte i kunst, har dei vore der, klassevis eller med familien. Dei hugsar bilda i den dunkle, eigenarta konteksten som det gamle bygget er: Tidemand og Gudes Brudeferden i Hardanger, Chr. Krohgs Albertine i politilegens venteværelse, Hertervigs Borgøya, ikoniske maleri stilde ut i eit miljø med historisk sus.
Dette er bilder folk har i hjarta. Nasjonalgalleriet er vanlege folks kunstalbum, og ein skal ikkje sjå bort frå at det betyr noko at Nasjonalgalleriet i Oslo minner om Nasjonalgallerii større europeiske byar. For ein liten og ung nasjon byggjer det sjølvkjensle og historisk forankring å ha institusjonar som tilsvarar praktbygg i europeiske storbyar. Ein biletpaviljong med 2.sortering, om aldri så gamle bilder, erstattar ikkje den posisjonen eit Nasjonalgalleri har, med det forventa ypperste av historisk, norsk biletkunst.
Dei 11 500 som støttar oppropet håpar, med oss, inderleg at regjeringa i siste liten vil stanse opp og hindre ei uklok avgjerd.
De som er politikarar og skal arbeide til beste for folk flest, må sjå denne reaksjonen som eit stort potensiale: Den opnar for og definerer ei satsing på kunst i Oslo som har støtte både i fagmiljøet og blant folk flest: Ei løysing som vernar om Nasjonalgalleriet, slik dei har gjort i Helsinki og slik dei akkurat no gjer i Stockholm. (Svenskane rehabiliterer Nasjonalmuseet for 1 milliard kroner).
Lat oss få to frittståande bygg, eit arva og eit nytt; ei løysing som endeleg realiserer eit nybygg for samtidskunst som alle kan vere stolte av.

Mari Slaattelid

No response to “Mari Slaattelid hos Trond Giske 30.04.”

Leave a reply

 
© 2009 Redd Nasjonalgalleriet. All Rights Reserved | Powered by Blogger
Design by psdvibe | Bloggerized By LawnyDesignz